Være med å lage eit online-forum for innbyggjarane i Voss herad?

Oppdatert: mars 2

Me har starta lage eit online forum for Voss herad sine innbyggere. Der tenkjer me at de kan debattere, diskutere og dele informasjon og spørsmål om ting som skjer i heradet og ikkje minst ute i bygdene. Men like viktig er at me då har laga ein vossablogg, og kor me ynskjer noko som kan skrive, ta bilde og styre på.

Lage innhald til vossaforum og til vossablogg

Nokon som har lyst å skrive innhald? Det kan være på nynorsk eller på bokmål! I så fall ber med dykk ta kontakt og så ser me kva me får til. Dette er eit prosjekt for å skape aktivitet og ein kanal for informasjon om ting som skjer i bygda. Me ynskjer innhald om turar i fjella sommar, som vinter. På langrennski eller alpint. Om klatring, paddling, karate eller bryting.

For mange små idrettslag vil dette kunne være ein enkel og god informasjonskanal, og kor ein kan bygge interesse for det ein held på med, og deretter dele det på ei felles sosial plattform.

I sjølve forumet...

I sjølve forumet ynskjer med gjerne innspel om alt frå politikk til korleis ein dyrkar tomater. Einaste me slår hardt ned på er trolling, mobbing og stygg ordbruk. Me ynskjer at det skal være med respekt og med ein viss seriøsitet. Alle kan verta "medlemmer" og om det går slik ein tenkjer vil medlemmer kunne få diverse tilbod og rabattar hjå lokale bedrifter etterkvart. Bedriftene får marknadsført gratis eller svært rimeleg. Fornavnet vert Voss og kommune vert skifta ut med herad.

Det som var Voss kommune er slått sammen med Granvin herad. Den nye kommunen heiter altså Voss herad, og får fela fra Granvin og raudfargen frå Voss.


Det vert spennande å sjå korleis den nye administrasjonen vert og at dette slår positivt ut for alle i heradet, også dei som bur i ytterkantane. Så om det er nokon der ute som bur på Evanger, Vossestrand, Myrkdalen eller Granvin som ynskjer bidra med innhald, så ta kontakt.

10 visninger

©2020 av kolondobbelslash