Offisiell åpning av Voss herad

Lørdag den 29. februar var vi på "Det store heradsjovet" i gamlekinoen i Voss sentrum. Sjovet var laga og framført av Linda Eide med gjester, og hadde eit tilpassa innhald mange gode korn og forteljingar i høvet at Granvin Herad, deler av Ullensvang kommune (Oksenhalvøya) og Voss kommune no slo seg saman til ei eining.

Verda er vid, men Voss er vidare

Har me høyrt mang ei gong. Men no har Voss sitt Areal auka betraktelig, mens innbyggjartalet steig med om lag med 1.000 personar. Men dette gjer også at Voss nå har eigen ferjekai som Linda Eide påpeika. Mesteparten av sjovet handla eigentleg om Granvin og hardangerkulturen som no også vert ein del av identiteten til Voss Herad.


Etter heradsjovet var det ein flott seanse i kulturhuset, og kor biblioteket hadde rulla vekk reolar og rydde plass til den offisielle åpninga med kake, eplejuice, underhaldning, talar og gratulasjonar. Det var ein fin


Lyden av Voss?

Me fekk også sjå første del av eit prosjekt som heiter lyden av Voss. Del 1 vart presentert i kultursalen og var veldig spennande. Lyd er samla inn og komponert av Bordølen Irene Tillung, mens det visuelle arbeidet er gjort av Yorick S. Gontarek og hans verksemd Front Film.


Desentralisering og levande bygder

Ordførar Hans Erik påpeika at det vil verta økonomisk utfordrende i framtida for kommunal drift, og at krava til kommunale tenester er i rask endring. Dette er også sjølve argumenta for kommunesamanslåing i utgangspunktet. Men Voss har allereie fleire bygder og som både trivs og veks utanfor sentrum. Det er derfor ingenting som tilseier at lokalsamfunnet i Granvin skal verta negativt påverka av dette. Likevel skal ein være audmjuk og bruke begge øyrene før ein snakkar.

4 visninger

©2020 av kolondobbelslash